Prosjekt: ETA Vedkjele (vedpanna), solfangaranlegg og fyringsrom (pannrum)

2k läst  16 svar

  1. G
    Medlem Nivå 2
    Hei, folkens!

    Eg har tidlegare starta ein annan tråd her på forumet med ein del spørsmål rundt vedkjelar (vedpannor), og fått mykje gode svar - mange takk til dei som har bidrege i den andre tråden! (y)

    Bakgrunnsinformasjon: Me bur i eit hus som er bygd på 30-talet, og renovert på 50-talet og 70-talet. Per i dag går all oppvarming føre seg med eit par gamle vedomnar og mange elektrisk panelomnar, og huset er relativt dårleg isolert mange plassar. Planen er å totalrenovere huset i 2018. Det vil seie full utvendig og innvendig oppussing med etterisolering, samt å installere vassboren golvvarme i stort sett alle golv (totalt 235 m2 skal varmast opp). Planen er at denne oppvarminga, samt produksjon av varmtvatn til forbruk via TVA, skal føregå med hjelp av ein vedkjele (vedpanna) og eit solfangaranlegg. I den delen av Noreg der me bur så kan temperaturen kome ned i rundt -20°C til -25°C om vinteren (sjølv om det som oftast ikkje er så kaldt). Det er ofte naudsynt å varme opp huset både haust, vinter og vår (og av og til om sumaren).

    Etter å ha brukt lang tid på å samle inn informasjon, blant anna med hjelp av den tråden eg nemner ovanfor, så har me landa på at me kjem til å gå for ei løysing frå ETA. Me har i tillegg vurdert Baxi, Orlan, Atmos, Hargassner og Fröling.

    Me valde å ikkje gå for Baxi då dei ikkje har nokon norsk forhandlar, sidan der ikkje er nokon røyrleggjarar her i mitt område (og sikkert ikkje så mange i Noreg generelt) som har erfaring med installasjon av vedkjelar og tilhøyrande utstyr. Alle dei andre merka eg nemnde har norske forhandlarar. Orlan og Atmos valde me å droppe, trass meir fordelaktig pris, av di eg har funne fleire dårlege erfaringar med desse enn med dei austerrikske kjelane. Vidare så er det viktig for meg å ha noko som er enkelt å fyre opp i for heile familien, og ikkje berre eit leiketøy for mannen i huset. ;) Dette er trass alt noko som skal brukast aktivt året rundt i fleire år, og difor er det viktig for oss at det er så enkelt og brukarvenleg som råd.

    Me stod då att med Hargassner, ETA og Fröling. Desse verkar for meg til å vere på stort sett like høgt nivå når det gjeld kvalitet og gode erfaringar frå brukarane. Det som til slutt gjorde at me landa på ETA var at dei har ei totalpakke som passar oss veldig godt.

    Her er det utstyret me tenkjer å gå for:

    • ETA SH 60 kW
    • Cirka 16 m2 med solfangarar integrert i taket (har ikkje landa heilt på merke/modell enno)
    • ETA SP 5000 akkumulatortank
    • 500 l ekspansjonskar
    • ETA MKM for distribusjon av varmt vatn til golvvarmeanlegg
    • ETA SLM for å kople solfangarane til akkumulatortanken
    • ETA FWM for å produsere varmtvatn til forbruk

    Det er heilt klårt at dette ikkje vert noko billeg system, men me har trua på at det vert veldig bra! :D Eg høgg og lagar i stand min eigen ved gratis (med unntak av eigeninnsats og tidsbruk), og eg likar å drive med ved, så slik sett bør dette vere ei form for oppvarming som er midt i blinken for meg! :cool:

    Tanken bak å ha solfangarar i tillegg er for å kunne sleppe å fyre så mykje om våren, sumaren og hausten, samt å redusere det totale vedforbruket noko.

    Når det gjeld fyringsrommet (pannrummet) så ser me føre oss å ha dette i eit nytt tilbygg til huset. Me vurderte fyrst å ha det i kjellaren, men der er alt for lågt under taket (berre 1,9 m), samt at det over tid hadde blitt veldig tungvindt å få inn ved der. Tanken er at fyringsrommet vert sjåande så nokolunde ut som dette:

    Inloggade ser högupplösta bilder Logga in
    fyringsrom.png


    Synest de dette ser ut som ein grei måte å leggje opp fyringsrommet på for å gjere det så praktisk og brukarvenleg som råd?

    Planen er å begynne med arbeidet utpå seinvinteren/våren i år, når snøen tek til å forsvinne. Eg kjem til å oppdatere tråden etter kvart, og så kjem eg sikkert til å stille nokon spørsmål etter kvart for å prøve å få nøsta opp i nokon detaljar som står att. :)
     
    Redigerat av moderator 2 jan 2018 17:16
  2. H
    Medlem · Nivå 17
    Med tanke på brandsäkerheten skulle jag helst ha en mellanvägg med branddörr mellan pannrummet och veden. Om elden kommer lös blir det mindre brandbelastning. Här i Finland är det till och med lag att nya pannrum måste ha separat vedförvaring med branddörr emellan.
    I mellanväggen skulle jag göra en dörröppning som är så stor att man i nödfall kan byta ackumulatortank genom den. Sedan skulle jag mura igen ungefär halva öppningen med en tunn murning (100mm leca eller halvstens tegelvägg) utan armering murad med svagt kalkcementbruk.
    I andra halvan skulle jag sätta in en vanlig 1 meter bred branddörr på sådant vis att man enkelt kan skruva loss karmen och ta bort den.
    Om man då måste byta ackumulatortank om 30 år kan man ta loss branddörren och slå sönder den svaga murningen och då har man en öppning som räcker för att byta tank. Mycket billigare än att köpa en två meter bred branddörr där ena halvan aldrig öppnas.

    Då man har en sådan mellanvägg mellan kallt och varmt kan man bygga vedlidret billigt med enkla brädväggar. Jag tycker 3-4 vedhäckar (europallar) i gången är ganska litet att ta in.
    Hur förvarar ni veden innan ni tar in den?

    Har du möjlighet att utnyttja spillvärmen från skorstenen till någonting om de placerar den annorlunda?
     
    Redigerat 1 jan 2018 22:29
  3. G
    Medlem Nivå 2
    Hei, heimlaga!


    Dette er ikkje noko eg har tenkt over så langt. Her i Noreg så seier reglane at der kan oppbevarast inntil 8 m3 med ved i fyringsrommet, og der står ikkje noko om at ein må ha brannvegg mellom vedlager og vedkjele.

    Ein annan ting er at det sikkert hadde vore fornuftig å gjere det på denne måten med tanke på branntryggleiken. Både i Sverige og Finland har de kome mykje lenger i forhold til dette med sentralfyring med ved og vedkjele enn oss her i Noreg, for oss er dette relativt nytt og ukjent enno. Eg veit ikkje heilt grunnen, men det har nok noko med å gjere at me har og har hatt veldig billeg straum her i landet.

    Eg skal tenkje litt på dette, men eg er redd det blir litt knotete med tanke på slik eg har sett føre meg fyringsrommet og bruken av dette - men takk for innspelet uansett! (y)


    Det har eg visst gløymt å seie noko om. Dei 3-4 pallane som me tenkjer å ha i fyringsrommet er berre for å ha ein del ved akkurat i nærleiken av sjølve vedkjelen. "Hovudlageret" mitt for ved vert i ei driftsbygning som ligg berre ti-femten meter unna. Planen er å frakte vedpallar derifrå og inn i fyringsromet med jekketralle etter kvart som me brukar opp veden.

    I driftsbygninga vonar eg å kunne (i alle fall på sikt) ha plass til 2-3 års forbruk av ved, og der skal den stå tørt og luftig. Førebels har eg kome fram til at eg nok treng 20-25 m3 med ved per år, men dette er ikkje enkelt å rekne ut, så eg lyt nok bruke det fyrste driftsåret til å prøve meg fram i høve til dette.


    Det har eg rett og slett ikkje tenkt på. Har du nokon eksempel på kva eg kunne bruke denne spillvarmen til, og korleis eg då måtte ha plassert skorsteinen?
     
  4. H
    Medlem · Nivå 17
    8 kubikmeter. Det var mycket.
    I Finland tror jag det är tre dagars ved som man får ha i själva pannrummet.

    Då det är snö på backen får du problem att komma fram med palltrucken (jekketrallen) din. Går det att komma åt med traktorn?
    -Här är det vanligt att ha en liten traktorkärra som man fyller med ved och backar in i vedlidret. Om man har en lös förlängning på bommen kan man backa in den i en dörr som är lägre än traktorhytten. Sedan tar man loss bomförlängningen och stänger dörren.
    -Andra har vedhäckar som de lyfter in med pallgafflar bakpå traktorn eller med frontlastare.
    -Andra backer traktorkärran mot dörren eller mot en lucka i väggen och kastar in ett traktorlass ved i gången.

    En kamrat har byggt skorstenen så den står inne i garaget med rör genom väggen till pannrumet. Då har han gratis grundvärme i varmgaraget. Bara då det är riktigt kallt behöver han sätta på värmen i garaget.
    En granne har hobbyverkstad ovanpå pannrumet. Skortenen går rakt igenom och håller värmen i hobbyverkstaden.
    I hus med källare är det vanligt att sätta skorstenen ungefär mitt i huset så att skorstensvärmen hjälper till att värma huset.
    Skall man ta vara på skorstensvärmen måste man ha en gammaldags murad skorsten av tegel. Om man har en isolerad skorsten far all värme ut. Å andra sidan finns det vissa pannor som är så effektiva att man måste ha en isolerad skorsten för att den inte skall bli för kall och sota igen.
     
    • Laddar…
  5. G
    Medlem Nivå 2

    Eg formulerte meg visst litt uklårt att. ;) Tanken er å frakte pallane med traktor fram til døra inn til fyringsromet, og så bruke jekketralla (palltrucken) berre til å få pallen inn døra og på rett plass inne i fyringsromet.


    OK, då forstår eg kva du meiner! Dette vert nok ikkje så aktuelt for vår del, for det er ikkje så mange andre stadar å ha pipa. Eg veit ikkje om me kjem til å gå for isolert skorstein eller elementstålpipe enno, men det vert nok eitt av dei alternativa.

    Det er klårt, viss litt av spillvarmen frå pipa kan gå til å varme opp fyringsromet så er det i og for seg heilt greitt, eg må uansett ha ein viss temperatur der inne så ikkje vassrøyr og anna frys til på vinterstid. Slik sett så kan det kanskje vere verdt å vurdere teglsteinspipe òg, så sant dette ikkje er noko problem i høve til vedkjelen. Det lyt eg i så fall undersøkje fyrst.

    Eg set i alle høve pris på kreative innspel, så eg skal absolutt ha dette momentet i tankane viss der dukkar opp nokon høvelege mogelegheiter til å bruke pipevarmen til noko! :D
     
  6. G
    Medlem Nivå 2
    Eg har forresten eit spørsmål: Huset me bur i er på fire etasjar totalt (kjellar, 1. etasje, 2. etasje og loft), og i tre etasjar skal me ha vassboren golvvarme. Når det gjeld kjellaren så er ikkje dette aktuelt. Ei løysing som eg vurderer der nede er viftekonvektor (fläktkonvektor). Det eg ikkje har klara er å finne rette typen, for eg ynskjer meg ein del spesielle eigenskapar:

    • Konvektoren må kunne fungere med låg turtemperatur på vatnet (rundt +35°C) slik at eg kan ha han på same kursen som golvvarmen. Det kan vel kanskje løysast med å ha ein konvektor som er noko overdimensjonert i høve til kjellararealet (sjå under)?
    • Me skal ha eit smarthus-system basert på Z-Wave, og difor kunne eg tenkt meg ein konvektor utan innebygd termostat, slik at eg kan lage til eit eige system for styring (eg har ikkje klart å finne viftekonvektorar som let seg styre direkte av Z-Wave, men det er sjølvsagt eit alternativ viss det finst). Vasstilførsla kan eg stoppe ved samlestokken for golvvarmen, så det greiaste hadde vore ein konvektor som eg berre kunne kople til ein "smart" stikkontakt, og så kutte straumen og varmtvatnet når ynskt romtemperatur er oppnådd. Då må eg i så fall ha ein konvektor som startar opp att av seg sjølv utan problem når straumen slår seg på att.
    • Konvektoren må kunne monterast enten i taket eller høgt oppe på veggen.

    Er det nokon her som veit om noko som fyller alle desse krava? Eg har leita på Internett i det vide og det breie, og sendt E-post til fleire leverandørar, men så langt så er det ingen som har kome opp med noko som passar heilt...

    Kjellaren er på cirka 31 m2 totalt, fordelt på to rom (eitt på rundt 11 m2 og eitt på rundt 20 m2). Det skal vere dør mellom desse romma. Trur de at det går an å varme opp heile kjellaren med ein viftekonvektor likevel? Eg tenkte kanskje det kunne gå viss eg har ei stor nok luftespalte både i botnen og toppen av døra slik at varm og kald luft kan sirkulere? Er det nokon som har erfaringar med ei slik løysing?

    Eg er ikkje ute etter å halde veldig høg temperatur der nede, men rundt +15°C hadde vore passeleg.
     
  7. Stenolofanders
    Medlem · Nivå 10
    Jag tror inte du behöver en komplicerad variant, om du sätter in automatisering så kommer den bli arbetslös för det mesta, för det reglerar sig självt efter att du ställt in systemet. Alla modeller klarar att klämma ur värme ur låg framledningstemperatur. Köp/bygg en tillräckligt stor för ytan som ska värmas så ordnar det sig.

    Dels kan du ställa in hetvattnets flöde genom konvektorn, dels kan du ställa in fläktens hastighet. Jag antar att du styr framledningstemperaturen med en shuntstyrning? Du behöver då troligen ingen finjustering av effekten från fläktkonvektorn. Jag har två fäktkonvektorer med enbart ställbara enkla ventiler. Tanken var att jag skulle satt termostatventiler så småningom men det har aldrig behövts: effekten regleras av shuntstyrningen.

    En fläktkonvektor är i princip en radiator med fläkt med valbart varvtal och dammfilter. Aerotemper är samma sak men typ utan inbyggd styrning för varvtal och dammfilter och ofta designad för industrilokaler. Du kan bygga en egen av bilkylare eller en vanlig radiator + fläkt.

    En sånhär har jag köpt
    http://www.thermia.se/varmepumpar/tillbehor/aermec-ul/
    Funkar rätt bra, ganska tyst på lägre varv, lätt att rengöra filtret. Det sista är viktigare än man anar, den suger i sig en hel del damm. Filtret kunde gärna vara effektivare: jag har fått blåsa rent hela innanmätet en gång men då hade den å andra sidan gått i ca fem år. Själva radiatorn inuti är av modell stor bilkylare, aluminium med flänsar.

    Nästa gång gör jag nog hellre en själv av överblivna grejer ;)
     
    • Laddar…
  8. G
    Medlem Nivå 2
    Hei, Stenolofanders!

    Du har heilt rett, eg treng berre ein heilt enkel konvektor. Det einaste eg strengt teke har bruk for av funksjonar er ein mekanisk av/på-knapp (som kjem til å verte ståande på bortimot konstant, når konvektoren skal slåast av/på under normal drift vert dette utført via den smarte stikkontakten) og ein mekanisk brytar for styring av farten på vifta (fläkten). Elektronisk styring er ikkje så aktuelt, for eg ser føre meg at det kan verte kluss med denne når straumen går av og på. Enkelt og 100 % mekanisk er det eg treng.

    Innebygd termostat er òg heilt unødvendig, for som du heilt korrekt påpeikar så skal eg bruke shuntstyring til å regulere vasstemperaturen, og ein separat varmesensor i rommet kuttar straumen til konvektoren når ynskt romtemperatur er oppnådd. ETA MKM, som eg planlegg å bruke, kan shunte ut varmt vatn med den temperaturen eg måtte ynskje. MKM har støtte for to separate varmekretsar, så min plan er å ha ein krets som shuntar ut vatn til golvvarmen i 1. etasje og viftekonvektoren i kjellaren, og ein krets som shuntar ut vatn til golvvarmen i 2. etasje og på loftet.

    Den modellen du nemner ser enkel og grei ut. Eg kikka litt på nettsidene til Aermec, og for meg så ser det ut som om du kan velje sjølv kva slags kontrollpanel du vil ha? Eg fann denne PDF-fila her, og for meg så ser det ut som om det kontrollpanelet som heiter PX2 er akkurat det eg treng.

    Det kunne absolutt ha vore artig å byggje saman sin eigen heimesnekra viftekonvektor, men eg har ikkje delar og utstyr liggjande til det akkurat no, så denne gongen vert det nok heller å kjøpe ein enkel og billeg modell! ;)

    Har du trua på at det går å varme opp båe romma i kjellaren sjølv om der er ei dør mellom, så lenge der er luftespalter i døra?
     
  9. Stenolofanders
    Medlem · Nivå 10
    Svårt att säga, det beror nog på hur luften rör sig mellan rummen. Hos oss värmer den två hallar med dörröppning men utan dörr mellan och trappan till övervåningen, ganska öppen planlösning.
     
    • Laddar…
  10. G
    Medlem Nivå 2
    Eg fekk eit tips om at det kunne vere ein god ide å setje inn ei vifte (fläkt) i veggen mellom dei to delane av kjellaren. Då ville eg kunne dra varm luft over frå det rommet der viftekonvektoren står og inn i det andre. Det er nok noko me kjem til å vurdere.
     
    • Laddar…
  11. G
    Medlem Nivå 2
    Hei, folkens!

    Då har våren kome til Noreg og vel så det, så no er me godt i gong med bygging! :cool: Eg kjem til å oppdatere tråden etter kvart slik at dei som er interesserte kan få fylgje med på korleis me har valt å løyse dette her. Vonleg kan det vere til hjelp for andre som tenkjer i same banar. :)

    Eit lite bilete som syner grunnarbeidet der tilbygget med fyringsrom/teknisk rom skal vere:

    Inloggade ser högupplösta bilder Logga in
    IMG_20180524_093113.jpg


    Sidan der skal inn ein akkumulatortank på fem kubikk så er det viktig med skikkeleg underlag. Her nedi ligg det cirka 1,5 meter med stein, og betonggolvet vert skikkeleg dimensjonert. :)
     
    • Laddar…
  12. G
    Medlem Nivå 2
    Ting tek tid, men då har rammeverket til fyringsrommet begynt å reise seg:

    Inloggade ser högupplösta bilder Logga in
    IMG_20181026_122442.jpg


    Legg merke til akkumulatortanken på 5000 liter som allereie er på plass (førebels utan isolasjon). Porten på framsida er stor nok til å få tanken inn/ut viss det skulle verte naudsynt på eit seinare tidspunkt, men sidan me hadde sjans til det så valde me å krane han inn før takbjelkane kom på plass. Det er noko med å sleppe å buksere inn og reise opp ein tank med ei tomvekt på 582 kg viss ein ikkje behøver... :rofl:
     
  13. G
    Medlem Nivå 2
    Då var det endeleg på tide med nokon bilete her att! [​IMG]

    [​IMG]
    Vedkjelen og tanken på plass i fyringsrommet!

    [​IMG]
    Tre av ETA-modulane som skal knytast opp mot anlegget. Frå venstre: ETA FWM (tappevatnmodul), ETA SLM (sjiktlademodul for solfangarane) og ETA MKM (to varmekrinsar som skal brukast til golvvarme, ein viftekonvektor i kjellaren og eit snøsmeltingsanlegg i ei dreneringsrenne på tunet).

    Meir kjem etter kvart som ting tek til å verte kopla saman! [​IMG]
     
  14. G
    Medlem Nivå 2
    Eg kom forresten akkurat i hug at eg ikkje har lagt ut noko bilete av solfangarane enno. Desse er trass alt ein sentral del av anlegget, som eit supplement til vedfyringa om våren, sumaren og hausten:

    [​IMG]

    Folk som ser dei trur at det er takvindaugo det er snakk om, og det er det fine med desse her: Dei gjer ikkje så mykje ut av seg når dei er integrerte i taket på denne måten! [​IMG]
     
  15. Nils-Orvar
    Medlem Nivå 9
    Mycket spännande!!!
     
    • Laddar…

Logga in för att se högupplösta bilder och få möjlighet att ställa frågor. :love: